Etter Dør etter istandsetting. Foto: bygningsvernkonsulent Bjørn Arve Lunde, Sunnhordland museum

Evaluering av bygningsvernskonsulentordningen, Hordaland

Bygningsvern konsulentordninga i Hordaland har utvikla seg frå 1990-talet og frametter med hovudformål å styrkje bygningsvernet i fylket ved å vidareutvikle musea som lokale kompetansemiljø.

Ordninga er eit lågterskeltilbod for huseigarar og fungerer svært godt som det. Bygningsvernkonsulentane spelar ei viktig rolle i eit komplekst kulturminnefagleg landskap.  Dei arbeider opp mot mange ulike målgrupper og leverer tenester det er stor etterspurnad etter.

NIKU har gjort ei evaluering av bygningsvernkonsulentordninga i Hordaland på grunnlag av skriftleg kjeldemateriale, intervju med bygningsvernkonsulentane og ei spørjeundersøking til huseigarar, handverkarar, musea og kommunane i fylket.

Prosjektleder: Siv Leden

Last ned evalueringa her.

  • Status
    Ferdigstilt
  • Oppdragsgiver
    Hordaland fylkeskommune
  • Tidsperiode
    2017-2018