Ny og gammel, restaurert bu - begge i bruk. Foto: A.C.Flyen, NIKU
Hardangervidda Ny og gammel, restaurert bu - begge i bruk. Foto: A.C.Flyen, NIKU

Hardangervidda

Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) har på oppdrag frå Hordaland fylkeskommune utarbeidt grunnlag for ein kulturminneplan for kulturminne frå nyare tid på Hardangervidda nasjonalpark og dei to tilgrensande landskapsvern-områda Skaupsjøen/Hardangerjøkulen og Møsvatn Austfjell.

Oppdraget omfatta å kategorisere, verdivurdere og gje retningsliner for forvalting av kulturminna frå nyare tid i dei tre verneområda. Rapporten skulle leggje særleg vekt på bygningar og omfatte retningsliner for vedlikehald, restaurering, tilbygg/påbygg og eventuelle nybygg, sidan det er dette det knyter seg størst brukarinteresser til. NIKUs faglege råd er ikkje dei same som retningslinjene som kjem til å gjerast gjeldande etter politiske vedtak.

Hardangervidda er den største nasjonalparken i fastlands-Noreg. Han vart oppretta i 1981 på særskilte vilkår sidan så mykje som 52 % (1772 km2) av arealet er privat eigedom med omfattande bruksinteresse. Verneføresegnene slår fast at bruken av vidda med tradisjonell utnytting av ressursane skal kunne halde fram så sant han er tilpassa verneformålet. Dette har vist seg å vera ein vanskeleg balansegang, og har gjeve utfordringar for både dei offentlege forvaltingsstyresmaktene og for dei private grunneigarane. Utarbeiding av ein kulturminneplan skal bidra til å leggje føringar for både vern og bruk av kulturminne på Hardangervidda.

Prosjektleder: Knut Fageraas

  • Status
    Ferdigstilt
  • Oppdragsgiver
    Hordaland fylkeskommune
  • Tidsperiode
    2015